fbpx

Norse Feedback

Connected Care/Digital Health — Diagnostics — Digital health — eHealth (ICT) — Innovation Company —

Kontaktinformasjon

Joachim Vie

Telefon

90194300

Mobil

90194300

Adresse

PEAK Sunnfjord, 6800 Førde

Ansatte

9

Etablert

2018

Norse Feedback er eit verkty for psykiatrien, som er utvikla for å måle og monitorere klinisk utfall, kommunisere betre med pasientane, samt hjelpe behandlarar med å betre behandlingskvaliteten over tid. Norse Feedback er eit andregenerasjons klinisk tilbakemeldingsverkty bygd for digitale plattformar, ikkje papir. Gjennom skybasert teknologi er systemet tilgjengeleg på alle flater, og er utvikla til å kunne nytte moglegheitene som finnast innan dagens datateknologi. Systemet er dynamisk og tilpassar seg den enkelte pasient sine behov. Basert på svara som pasienten gjev, blir rapporteringsskjemaet skreddarsydd for vidare utfylling. Dette betyr at Norse Feedback byrjar med ei brei kartlegging (20 dimensjonar), samstundes som den vidare blir tilpassa for rutinemessig bruk.

Tilbakemeldingssystemet vårt er utvikla for at ein skal rette merksemda mot ei dimensjonell forståing av lidingsprofil, risiko- og ressursfaktorar, samt framheve eit handlingsorientert og brukartilpassa fokus. På den måten vil klinikaren enkelt få nyttig og heilskapleg informasjon om pasienten og behandlinga, utan at dette treng forstyrre den daglege praksisen. På same måte som Norse Feedback er utvikla for å betre klinisk praksis, har vi ein metode for kontinuerleg forbetring og tilpassing av sjølve tilbakemeldingssystemet, gjennom behandling av statistiske data og tilbakemeldingar frå behandlarar og pasientar.